Переходьте в офлайн за допомогою програми Player FM !
Jakob Höglund om irsk musikk, finsk grammatikk og nynorsk romantikk
Manage episode 463679604 series 3287496
Årets første gjest i Språkoppdraget kjem frå Finland, men lærte seg finsk først i vaksen alder. Skodespelar, dansar, koreograf, regissør og teatersjef Jacob Höglund er fødd og oppvaksen i Österbotten i Finland, der finlandssvensk er det dominerande språket. Om lag 300 000 finnar har finlandssvensk som morsmål, og i Språkoppdraget fortel Jacob om korleis det er å vekse opp i Finland utan å snakke finsk, om kvifor han takka nei til å gå i finsk barnehage då han var 5, og korleis teateret fekk han til å bli tospråkleg. Vi lærer meir om den finske språksituasjonen, om forskjellar på finlandssvensk og svensk, og får ein smakebit av finsk grammatikk.
Jacob, som til dagleg er teatersjef på Lilla Teatern, Helsingfors Statsteaters svenskspråklege scene, har ikkje reist eins ærend til Oslo for å vere med i Språkoppdraget.
Han er på Det Norske Teatret for å regissere musikalen Once på Scene 2, som har premiere 1. februar. Vi kjenner litt på premierenervane til regissøren, og snakkar også om forskjellane på å sette opp Once på finlandssvensk, finsk og nynorsk. Jacob har nemleg gjort Once på alle desse språka. Vi ser på forskjellar i gjendiktingane av musikalen, som opphavleg er skriven på engelsk, snakkar om likskapane mellom finlandssvensk og nynorsk, og om kva to teater med eit særskilt språkoppdrag har til felles.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
41 епізодів

Minden epizód
×Ласкаво просимо до Player FM!
Player FM сканує Інтернет для отримання високоякісних подкастів, щоб ви могли насолоджуватися ними зараз. Це найкращий додаток для подкастів, який працює на Android, iPhone і веб-сторінці. Реєстрація для синхронізації підписок між пристроями.