Korleis kan vi førebyggja utanforskap?
Manage episode 462896551 series 3613886
Episode 7 | - Dersom vi skapar likeverdigheit, skapar vi også rom for at mennesket kan vera seg sjølv.
Det seier erfaringskonsulert Tor-Espen Mork i episode sju i podkasten rådhuset der kommunedirektør i Øygarden, Johnny Breivik, inviterer gjester som har noko viktig å seia oss.
Saman med einingsleiar for psykisk helse og rus i Øygarden kommune, Therese Helgesen, gjev Mork oss kunnskap om korleis det er å oppleva utanforskap og kva det gjer med oss som enkeltmenneske.
Dei som opplever utanforskap, er gjerne utanfor skule, arbeidslivet og det sosiale. Tor-Espen fortel at han lever med kroniske diagnosar og har vore plaga av sjukdom i heile sitt vaksne liv. Men det er mogleg å gjera noko med dette. Som erfaringskonsulent har Tor-Espen Mork møtt mange som er i liknande situasjon.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
8 епізодів